Tuberkulinprøve
Personar som i løpet av dei siste 3 åra har opphalde seg meir enn tre månader i land med høg forekomst av tuberkulose, og som skal tiltre eller gjeninntre i stilling i helse- og omsorgstenesta, eller i stillingar knytt til barneomsorg, pliktar å møte til tuberkuloseundersøking før ein tiltrer stillinga. Plikta gjeld og personar under opplæring eller hospitering, jf. tuberkuloseforskrifta §§ 3-1 og 3-2.
BCG-vaksine
Arbeidstakarar ved helseinstitusjonar bør bli vaksinert mot tuberkulose (BCG-vaksine) før dei begynner i jobb dersom dei ikkje er vaksinert tidlegare. Dette gjeld for studentar.
Etne kommune tilbyr IGRA test til personar som bur eller arbeider i kommunen.
Land med høg forekomst av tuberkulose
Sjekk oppdatert informasjon om kva land det gjeld på FHI sine nettsider
MRSA
Før ein tar til i stilling ved omsorgssenter eller annan institusjon i Etne kommune skal ein gjennomgå førehandsundersøking, jf. Rundskriv IS-11/2009.
Dersom du svarer ja på eitt eller fleire av spørsmåla om MRSA i skjema på neste side, må du få attest på at du testar negativt på MRSA.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med helsesentra våre:
Etne helsesenter: Tlf. 53 75 81 08
Skånevik helsesenter: Tlf. 53 75 85 02